mandag 30. april 2012

Hageprosjekt



Me har alltid nokre hageprosjekt på gang. 
Då er det greit at me har kjekke naboar som investerer i slike små leiketøy!!

søndag 29. april 2012

Venda unna


Når ein sau får for mange lam, kan ein prøva å venda eit eller fleire lam under ein annan sau som har mista sine lam. Dette må skje i samband med lemming hjå begge sauene. Sauene er svært nøpne på dette. Me bruka ein palle for å halda sauen på plass slik at han ikkje fekk sjå lammet, og at lammet fekk drikka i fred. Sauen måtte stå slik i ei veka. Denne gongen gjekk det godt - sauen godtok lammet som sitt eige.



tirsdag 24. april 2012

Lemming



Dette året har det vore skikkeleg motlaust i lemminga. Dei fleste sauene må ha hjelp for å få ut lamma som er anten daude eller svært svake. Me trur at dei har fått "kattasjuka" - det vil sei at det har vore kattapiss i foret til sauene. Det er ein bakterie som går frå mus via katt. Vi har og mista nokre sauer som følge av dette. Lammet på bildet klarte me heldigvis å berga!

Skuggetre



Farfar har laga eit eiketre som han har planta ute på kulturbeitet. Dette skal med tida verta eit flott skuggetre for beitedyra.