lørdag 8. september 2012

Heskjer



Ungane har vore med å heskja på Træe fleire gonger. Dette året lærde Are far sin korleis ein skulle heskja, på "minigarden" hans!

torsdag 6. september 2012

Ugras




Landøyda, tistlar og himmolrøte er ugras som må tas før dei får fræa seg. Me brenn dette ugraset, for frøa kan liggja i jorda i over femti år.

tirsdag 4. september 2012

Sleppa studen



For at ammekyene på beite skal ta kalv, må me sleppa studen. I år har me vore så heldige å fått låna stud av ungkaren på Åse!

Plansilo








Fyrste slåtten vart lagd i rundballar. Utesiloen frå året før måtte fôrast opp, før me kunne starta på grunnarbeidet til plansiloane. Det var bare med naudå me vart klar til andre slåtten!