onsdag 25. januar 2012

Renska ut i hønshuset


I veke 4 kjem dei for å setja inn den nye hønseinnredningen.
Me håper og trur at me skal klara renska ut alt det gamle, 
samt få vaska hønshuset innan den tid.

onsdag 18. januar 2012

Fôring i kvigefjoset


Den gamle traktoren frå 1964 er i dagleg bruk til transport av fôr til kvigenene.
Det blir rett og slett for trongt med dei nye traktorane og avlessarvogn i den gamle løa!

tirsdag 17. januar 2012

Gå te mittings

Det går den veien så hønå sparka.
Den så kjøbe alt an ser, får gråda når andre lær.
Der kjeme en knagedag itte en bagedag.
Det stora kan verta smått i snuingjå.

mandag 16. januar 2012

Slakta hyns





Då var det slutt for hyns i bur her på garden! Sjølv om me bygde nytt hus i 2002, må me riva ut alle bura og bygja om til eit frittgåande hus. Det er godt å ha ein god gjeng med seg når 5500 hyns skal ut. Hynsa blir gassa på staden slik at dei slepp å bli frakta i bur til slakteriet.

Aktiviteter i den gamle løa




Den årlige Redd Barna kafèen vart i år arrangert den 16. desember. I kafèen kan ein kjøpa pølser, kaker, kaffi og saft - samt lodd der hovudgevinsten dette året var fotballdrakta til Tommy Høiland. Resultatet vart heile 8478 kroner som går til Redd Barna. Ellers har den "julepynta" løa hatt 4H, barnehagen og skulen på besøk før jul. I romjula samlast heile "hognest-slekta" med smått og stort, på litt mat og mykje skravl!