onsdag 14. desember 2011

Maskinhus til leikene


Gutane mista etterkvart interressen for dei store traktorane inne. Då var det godt å få dei ut - i sandungen blir dei flittig brukt!

tirsdag 13. desember 2011

Juletre til løa




Kvar jul hentar me eit stort juletre ute i myra, som me skal ha på løa. 
Dette året var det rett og slett så blaut at traktoren sette seg. 
Heldigvis klarte me å halda treet vekke frå sorpå!

mandag 12. desember 2011

Kjøt i retur



Me har teke heim ein bakpart av ei kviga som ikkje var drektig. Kvigene har det beste og møraste kjøtet. Ingenting er som eigenprodusert indrefilet - eller grovmalt kjøttdeig utan vatn og salt!