onsdag 20. juni 2012

Sjakting


Eit entreprenør-firma skal ha tipp på eit område av garden. Då må dei fyrst få frigjort dette arkeologisk. Etter ei veke med graving har dei framleis ikkje funne noko av interesse.

mandag 18. juni 2012

Sein vårvinna




På grunn av mykje nedbør i vinter og vår, kunne ein ikkje byrje med vårvinna før i slutten av mai - ein månad seinare enn vanleg. Difor vart det 1. slått og såing same dagen!

søndag 17. juni 2012

Hytte-prosjekt


Are har hatt eit hytte-prosjekt inne i maskinhuset i vinter. Når bonden nå skulle ut med maskinane måtte denne hytta flyttast på. Både han og Are tykte denne plassen var glimrande, rett ved innkjørsla til garden. Bondekona håpar den skal bli ferdig (og fin) snart!!

fredag 15. juni 2012

Skjid


Skidfant - eit gammalt og godt jærsk skjellsord!

Canadisk minigris




Me har hatt minigriser på garden heilt sidan me overtok for snart tolv år sidan. Dei har me i eit skogholt like ved tunet.  Av og til får dei kome ut på haugen, men ikkje for lenge om gongen - då dei fort byrjar å rote i jorda med nasen. Me har hatt fleire kull med ungar, noko som er veldig kjekt når dei er små...

lørdag 2. juni 2012