søndag 29. april 2012

Venda unna


Når ein sau får for mange lam, kan ein prøva å venda eit eller fleire lam under ein annan sau som har mista sine lam. Dette må skje i samband med lemming hjå begge sauene. Sauene er svært nøpne på dette. Me bruka ein palle for å halda sauen på plass slik at han ikkje fekk sjå lammet, og at lammet fekk drikka i fred. Sauen måtte stå slik i ei veka. Denne gongen gjekk det godt - sauen godtok lammet som sitt eige.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar