torsdag 31. mai 2012

Ammekyr


Drifta på garden er så stor at me får forholdsvis lite tilskot. Difor er det svært gunstig å ha seks ammekyr i tillegg, då dette blir rekna som ein eigen produksjon.

tirsdag 29. mai 2012

Plansilo og beleggnings-stein



Så snart utesiloen er fôra opp, skal bonden støypa to nye plansiloar langs hønshuset. Heile dette området har alltid vore eit sorpehol, sjølv om det er grusa opp fleire gonger og godt drenert. Difor skal me også leggja beleggnings-stein på heile området mellom fjoset, hønshuset og plansiloane. Dette er industristein som skal tåla bruken av store maskinar.

mandag 28. mai 2012

Løysa


Alltid lika gildt å sleppa ut dyra frå fjoset,
spesielt når det har vore så fint vêr!

søndag 27. mai 2012

Traktorpulling


Me grensar til Jæren Traktorpulling-arena og både høyrer og ser når sterke motorar målar krefter! Are synest det er heilt fantasisk å kunna springa bort å sjå på kva tid som helst.

Våronn i hagen


 I fjor planta me jordbær i pallkarmar. Dette året har me laga fleire "pallkarm-bed", der me har sådd gulerøter, sellerirot, salatar og pyntegresskar. Jorda i kjøkkenhagen har klumprotsmitte, derfor bruker me ny jord i desse kassane. 





Me har støypt ein ringmur av lecablokker til trampolinen, då er det enkelt å montere den når våren kjem.

tirsdag 1. mai 2012

Hund og katt!



Me har ein hund og to kattar på garden. Når hunden vert stengt inne om kvelden, kjem kattane fram. Dei går absolutt ikkje i lag. Her ein kveld fekk hunden auge på den eine katten og jaga han opp i eit tre. Are måtte klatra opp i treet og få katten ned igjen!