torsdag 24. november 2011

Sand-dungen


Me har sand-dungen i nedkjørsla til det gamle hevdafjoset. Denne leikeplassen blir nytta frå morgon til seint på kveld!!

mandag 14. november 2011

Heskjestaur



Are har vore med farfar ut i myra for å lage hesjestaurar. Desse pålane skal brukast til å heskje høy på Træe neste sommar.

søndag 13. november 2011

Kalving ute



Det er fortsatt nokre kviger som kan lufte seg ute. Sidan det har vore turt og fint vêr i det siste, går dei ut for å kalve.

onsdag 9. november 2011

Bala på seg!


Det bala på seg;  Fyrst så kjøpte me nye klokka, den passa ikkje
der den gamle hang. Så begynnte me å flytta på bilde, fyrst på
kjykkenet - så i stova. Då vart det fleire hol...
så nå male me veggene!!

onsdag 2. november 2011

Sau + vêr = lam


Me skal snart sleppa vêren over til sauene, og flyttar dei difor over på eit nytt og betre beite. Då er sjangsen større for at dei kjem med fleire lam til våren.

Dørskilt


Oda har laga eit skikkelig flott dørskilt til fjoset!

Opptakt

Vinden er den røysta
eg kjenner best

Som ein uhorveleg munn
er himmelen

Hendene mine
er blå skumring

I andletet
eit sug av grøne sletter

Under min fotsole
lys


av Helge Torvund