mandag 13. februar 2012

Suite


Kånå på garden har lenge drøymt om ein "suite". Det vil seia eit stort soverom med godstol, mykje skapplass og høgt under taket - og eit bad (utan ungar) med badekar!! Viktigast av alt; eit soverom som ligg langt vekke frå MØØØØ og BÆÆÆÆ! Difor skal me byggja på huset og byrja å grava sist veke. For at det ikkje skulle koma klagje i jorda, dekka bonden heile tomta med halmballar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar