onsdag 21. mars 2012
onsdag 14. mars 2012
tirsdag 13. mars 2012
mandag 12. mars 2012
Ku og kalv
Oda har ku og kalv som oppgåve i 4H dette året.
Nå nærmar det seg kalving for "Mjølka", og då er det gildt
å få klypt kviga før kalven kjem!
Endeleg!!
Endeleg er 7500 høner på plass i eit topp moderne "resort"
med alle facilitetar.
Her kan dei gå fritt omkring, bada seg i strø og gå inn i
eigne avlukke for å leggja egg.
onsdag 15. februar 2012
Håplaust
Det er ingen hemmelighet at bonden trivst best ute, men av og til får han nokre plikter i heimen - å hengja opp klær til dømes!
Jau då, denne unikken torka til slutt...
tirsdag 14. februar 2012
Snart i mål
Denne gjengen frå Litauen har montert den nye innredningen i hønshuset.
Alt må væra klar til den 5. mars då me skal setja inn dei nye hynsa.
mandag 13. februar 2012
Suite
Kånå på garden har lenge drøymt om ein "suite". Det vil seia eit stort soverom med godstol, mykje skapplass og høgt under taket - og eit bad (utan ungar) med badekar!! Viktigast av alt; eit soverom som ligg langt vekke frå MØØØØ og BÆÆÆÆ! Difor skal me byggja på huset og byrja å grava sist veke. For at det ikkje skulle koma klagje i jorda, dekka bonden heile tomta med halmballar.
onsdag 1. februar 2012
onsdag 25. januar 2012
Renska ut i hønshuset
I veke 4 kjem dei for å setja inn den nye hønseinnredningen.
Me håper og trur at me skal klara renska ut alt det gamle,
samt få vaska hønshuset innan den tid.
onsdag 18. januar 2012
Fôring i kvigefjoset
Den gamle traktoren frå 1964 er i dagleg bruk til transport av fôr til kvigenene.
Det blir rett og slett for trongt med dei nye traktorane og avlessarvogn i den gamle løa!
tirsdag 17. januar 2012
Gå te mittings
Det går den veien så hønå sparka.
Den så kjøbe alt an ser, får gråda når andre lær.
Der kjeme en knagedag itte en bagedag.
Det stora kan verta smått i snuingjå.
mandag 16. januar 2012
Slakta hyns
Då var det slutt for hyns i bur her på garden! Sjølv om me bygde nytt hus i 2002, må me riva ut alle bura og bygja om til eit frittgåande hus. Det er godt å ha ein god gjeng med seg når 5500 hyns skal ut. Hynsa blir gassa på staden slik at dei slepp å bli frakta i bur til slakteriet.
Aktiviteter i den gamle løa
Den årlige Redd Barna kafèen vart i år arrangert den 16. desember. I kafèen kan ein kjøpa pølser, kaker, kaffi og saft - samt lodd der hovudgevinsten dette året var fotballdrakta til Tommy Høiland. Resultatet vart heile 8478 kroner som går til Redd Barna. Ellers har den "julepynta" løa hatt 4H, barnehagen og skulen på besøk før jul. I romjula samlast heile "hognest-slekta" med smått og stort, på litt mat og mykje skravl!
onsdag 14. desember 2011
Maskinhus til leikene
Gutane mista etterkvart interressen for dei store traktorane inne. Då var det godt å få dei ut - i sandungen blir dei flittig brukt!
tirsdag 13. desember 2011
Juletre til løa
Kvar jul hentar me eit stort juletre ute i myra, som me skal ha på løa.
Dette året var det rett og slett så blaut at traktoren sette seg.
Heldigvis klarte me å halda treet vekke frå sorpå!
mandag 12. desember 2011
Kjøt i retur
Me har teke heim ein bakpart av ei kviga som ikkje var drektig. Kvigene har det beste og møraste kjøtet. Ingenting er som eigenprodusert indrefilet - eller grovmalt kjøttdeig utan vatn og salt!
torsdag 24. november 2011
Sand-dungen
Me har sand-dungen i nedkjørsla til det gamle hevdafjoset. Denne leikeplassen blir nytta frå morgon til seint på kveld!!
mandag 14. november 2011
Heskjestaur
Are har vore med farfar ut i myra for å lage hesjestaurar. Desse pålane skal brukast til å heskje høy på Træe neste sommar.
søndag 13. november 2011
Kalving ute
Det er fortsatt nokre kviger som kan lufte seg ute. Sidan det har vore turt og fint vêr i det siste, går dei ut for å kalve.
onsdag 9. november 2011
Bala på seg!
Det bala på seg; Fyrst så kjøpte me nye klokka, den passa ikkje
der den gamle hang. Så begynnte me å flytta på bilde, fyrst på
kjykkenet - så i stova. Då vart det fleire hol...
så nå male me veggene!!
onsdag 2. november 2011
Sau + vêr = lam
Me skal snart sleppa vêren over til sauene, og flyttar dei difor over på eit nytt og betre beite. Då er sjangsen større for at dei kjem med fleire lam til våren.
Opptakt
Vinden er den røysta
eg kjenner best
Som ein uhorveleg munn
er himmelen
Hendene mine
er blå skumring
I andletet
eit sug av grøne sletter
Under min fotsole
lys
av Helge Torvund
søndag 30. oktober 2011
Sundagstur
Vindmøllene på Jæren er eit fantastisk syn!
I våre dagar burde kanskje ordet vindmølle vore bytta ut med det jærske vindmaskin, som er nøytralt i høve kva krafta vert nytta til.
torsdag 27. oktober 2011
"Skamklypte"
Kaizar - som egentleg er ein cocker spaniel,
har vore hjå hundefrisøren.
Ikkje alltid like praktisk med lang pels på ein gard!
søndag 23. oktober 2011
Gulrotsuppe
Har fått oppskriften på den gode kvardagsuppa av min kusine Mona;
50 g smør
350 g gulrot
2 løk/purre (evt 1 løk/purre og litt meir gulerot)
4,5 dl kyllingbuljong
Salt og pepper (mykje pepper..)
1,5 dl melk
1 dl fløte
Litt hakka persille
Smelt smør i ei gryte og surr hakka gulrot og purre/løk i 5-10 min. Tilsett kyllingbuljong og salt/pepper - småkok i 15-20 min til. Bruk stavmikser. Rør inn melk og fløte - evt. meir salt og pepper. Varm opp, men må ikkje koka. Dryss over persille.
Pølsa i brød
Nå he an rigna kver bidigge - kvar einaste, dag heila vegå!!
Då er det vel fantastisk å få te å brenna bål imjydlå bøyene!
søndag 9. oktober 2011
Storbyferie
Bonden tok med kåna te byen - Stavanger, i helgå.
Der fant me denne flotta puta til å ha i benkjen - sofaen.
tirsdag 4. oktober 2011
mandag 3. oktober 2011
Sjølhjelpte
Jysla gildt å væra litt sjølhjelpte - ein som greier seg sjølv, utan assistanse eller forsyningar utanfrå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
