Me har sand-dungen i nedkjørsla til det gamle hevdafjoset. Denne leikeplassen blir nytta frå morgon til seint på kveld!!
torsdag 24. november 2011
mandag 14. november 2011
Heskjestaur
Are har vore med farfar ut i myra for å lage hesjestaurar. Desse pålane skal brukast til å heskje høy på Træe neste sommar.
søndag 13. november 2011
Kalving ute
Det er fortsatt nokre kviger som kan lufte seg ute. Sidan det har vore turt og fint vêr i det siste, går dei ut for å kalve.
onsdag 9. november 2011
Bala på seg!
Det bala på seg; Fyrst så kjøpte me nye klokka, den passa ikkje
der den gamle hang. Så begynnte me å flytta på bilde, fyrst på
kjykkenet - så i stova. Då vart det fleire hol...
så nå male me veggene!!
onsdag 2. november 2011
Sau + vêr = lam
Me skal snart sleppa vêren over til sauene, og flyttar dei difor over på eit nytt og betre beite. Då er sjangsen større for at dei kjem med fleire lam til våren.
Opptakt
Vinden er den røysta
eg kjenner best
Som ein uhorveleg munn
er himmelen
Hendene mine
er blå skumring
I andletet
eit sug av grøne sletter
Under min fotsole
lys
av Helge Torvund
søndag 30. oktober 2011
Sundagstur
Vindmøllene på Jæren er eit fantastisk syn!
I våre dagar burde kanskje ordet vindmølle vore bytta ut med det jærske vindmaskin, som er nøytralt i høve kva krafta vert nytta til.
torsdag 27. oktober 2011
"Skamklypte"
Kaizar - som egentleg er ein cocker spaniel,
har vore hjå hundefrisøren.
Ikkje alltid like praktisk med lang pels på ein gard!
søndag 23. oktober 2011
Gulrotsuppe
Har fått oppskriften på den gode kvardagsuppa av min kusine Mona;
50 g smør
350 g gulrot
2 løk/purre (evt 1 løk/purre og litt meir gulerot)
4,5 dl kyllingbuljong
Salt og pepper (mykje pepper..)
1,5 dl melk
1 dl fløte
Litt hakka persille
Smelt smør i ei gryte og surr hakka gulrot og purre/løk i 5-10 min. Tilsett kyllingbuljong og salt/pepper - småkok i 15-20 min til. Bruk stavmikser. Rør inn melk og fløte - evt. meir salt og pepper. Varm opp, men må ikkje koka. Dryss over persille.
Pølsa i brød
Nå he an rigna kver bidigge - kvar einaste, dag heila vegå!!
Då er det vel fantastisk å få te å brenna bål imjydlå bøyene!
søndag 9. oktober 2011
Storbyferie
Bonden tok med kåna te byen - Stavanger, i helgå.
Der fant me denne flotta puta til å ha i benkjen - sofaen.
tirsdag 4. oktober 2011
mandag 3. oktober 2011
Sjølhjelpte
Jysla gildt å væra litt sjølhjelpte - ein som greier seg sjølv, utan assistanse eller forsyningar utanfrå.
søndag 2. oktober 2011
Halm i løå
Endeleg fekk me halmen i hus. Den var ikkje akkurat knuskturre - turt som knusk - men det var det besta me fekk i år! No får ungane leika i halmen denne vintaren og.
Indian summer
Ungane var raske med å ta ut bordtennisbordet då det
plutseleg var sol og pyttstillt - heilt vindstille!!
søndag 25. september 2011
Nytt fôrbrett
I det gamle fjoset er fôrbrettet utslete, og me skal leggja fliser som gjer det enklare å halda det reint. Dette gjer me no, medan fjoset står tomt, når dyra er ute på beite. Gerardas ser itte reiå- maskin til å reia betong i.
Morr
Før helga behandla me fjoslopte - romet over fjoset, løå mot morr - eit lite insekt som lever i trematerial.I jærsk klima, med milde vintrar, gjer larven stor skade. Det kosta, men firmaet gjer tjue års garanti!
søndag 18. september 2011
Slått
Slått - sjølve arbeidet med å slå av graset. Det har vore ein unormal fuktig sommar og haust dette året. I helga var det to dagar med opphaldsvêr slik at me fekk teke noko av tredjeslåtten - normalt tek me fire slåtter.
Sødeple
På Jæren seier me sødeple, ordet eple brukar me om potet.
Me er så heldige å ha fleire epletre i hagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
