Line Gard
onsdag 7. november 2012
Stines Fliser: Røde epler
Stines Fliser: Røde epler: Et kjøkken er blitt fornyet med hvite nøytrale fliser (15x15 cm) som bak koketoppen er dekorert med tre røde epler. Rødfargen er ...
lørdag 3. november 2012
Stines Fliser: Oval turkis rosett
Stines Fliser: Oval turkis rosett: Høydepunktet er å få se flisene mine ferdig montert, som her i et lekkert tilbygg med soverom og badeværelse for de voksne i ...
lørdag 8. september 2012
Heskjer
Ungane har vore med å heskja på Træe fleire gonger. Dette året lærde Are far sin korleis ein skulle heskja, på "minigarden" hans!
torsdag 6. september 2012
Ugras
Landøyda, tistlar og himmolrøte er ugras som må tas før dei får fræa seg. Me brenn dette ugraset, for frøa kan liggja i jorda i over femti år.
tirsdag 4. september 2012
Sleppa studen
For at ammekyene på beite skal ta kalv, må me sleppa studen. I år har me vore så heldige å fått låna stud av ungkaren på Åse!
Plansilo
Fyrste slåtten vart lagd i rundballar. Utesiloen frå året før måtte fôrast opp, før me kunne starta på grunnarbeidet til plansiloane. Det var bare med naudå me vart klar til andre slåtten!
onsdag 22. august 2012
Hest på beite
Denne sommaren har me hatt hest på beite! Det var heilt perfekt; me ynskjer ein hest på garden, men har inga tid til overs.
onsdag 20. juni 2012
Sjakting
Eit entreprenør-firma skal ha tipp på eit område av garden. Då må dei fyrst få frigjort dette arkeologisk. Etter ei veke med graving har dei framleis ikkje funne noko av interesse.
mandag 18. juni 2012
Sein vårvinna
På
grunn av mykje nedbør i vinter og vår, kunne ein ikkje byrje med
vårvinna før i slutten av mai - ein månad seinare enn vanleg. Difor vart det 1. slått og såing same dagen!
søndag 17. juni 2012
Hytte-prosjekt
Are har hatt eit hytte-prosjekt inne i maskinhuset i vinter. Når bonden nå skulle ut med maskinane måtte denne hytta flyttast på. Både han og Are tykte denne plassen var glimrande, rett ved innkjørsla til garden. Bondekona håpar den skal bli ferdig (og fin) snart!!
fredag 15. juni 2012
Canadisk minigris
Me har hatt minigriser på garden heilt sidan me overtok for snart tolv år sidan. Dei har me i eit skogholt like ved tunet. Av og til får dei kome ut på haugen, men ikkje for lenge om gongen - då dei fort byrjar å rote i jorda med nasen. Me har hatt fleire kull med ungar, noko som er veldig kjekt når dei er små...
lørdag 2. juni 2012
torsdag 31. mai 2012
Ammekyr
Drifta på garden er så stor at me får forholdsvis lite tilskot. Difor er det svært gunstig å ha seks ammekyr i tillegg, då dette blir rekna som ein eigen produksjon.
tirsdag 29. mai 2012
Plansilo og beleggnings-stein
Så snart utesiloen er fôra opp, skal bonden støypa to nye plansiloar langs hønshuset. Heile dette området har alltid vore eit sorpehol, sjølv om det er grusa opp fleire gonger og godt drenert. Difor skal me også leggja beleggnings-stein på heile området mellom fjoset, hønshuset og plansiloane. Dette er industristein som skal tåla bruken av store maskinar.
mandag 28. mai 2012
søndag 27. mai 2012
Traktorpulling
Me grensar til Jæren Traktorpulling-arena og både høyrer og ser når sterke motorar målar krefter! Are synest det er heilt fantasisk å kunna springa bort å sjå på kva tid som helst.
Våronn i hagen
I fjor planta me jordbær i pallkarmar. Dette året har me
laga fleire "pallkarm-bed", der me har sådd gulerøter, sellerirot,
salatar og pyntegresskar. Jorda i kjøkkenhagen har klumprotsmitte,
derfor bruker me ny jord i desse kassane.
Me har støypt ein ringmur av lecablokker til trampolinen, då er det enkelt å montere den når våren kjem.
torsdag 3. mai 2012
tirsdag 1. mai 2012
Hund og katt!
Me har ein hund og to kattar på garden. Når hunden vert stengt inne om kvelden, kjem kattane fram. Dei går absolutt ikkje i lag. Her ein kveld fekk hunden auge på den eine katten og jaga han opp i eit tre. Are måtte klatra opp i treet og få katten ned igjen!
mandag 30. april 2012
Hageprosjekt
Me har alltid nokre hageprosjekt på gang.
Då er det greit at me har kjekke naboar som investerer i slike små leiketøy!!
søndag 29. april 2012
Venda unna
Når ein sau får for mange lam, kan ein prøva å venda eit eller fleire lam under ein annan sau som har mista sine lam. Dette må skje i samband med lemming hjå begge sauene. Sauene er svært nøpne på dette. Me bruka ein palle for å halda sauen på plass slik at han ikkje fekk sjå lammet, og at lammet fekk drikka i fred. Sauen måtte stå slik i ei veka. Denne gongen gjekk det godt - sauen godtok lammet som sitt eige.
tirsdag 24. april 2012
Lemming
Dette året har det vore skikkeleg motlaust i lemminga. Dei fleste sauene må ha hjelp for å få ut lamma som er anten daude eller svært svake. Me trur at dei har fått "kattasjuka" - det vil sei at det har vore kattapiss i foret til sauene. Det er ein bakterie som går frå mus via katt. Vi har og mista nokre sauer som følge av dette. Lammet på bildet klarte me heldigvis å berga!
Skuggetre
Farfar har laga eit eiketre som han har planta ute på kulturbeitet. Dette skal med tida verta eit flott skuggetre for beitedyra.
onsdag 21. mars 2012
onsdag 14. mars 2012
tirsdag 13. mars 2012
mandag 12. mars 2012
Ku og kalv
Oda har ku og kalv som oppgåve i 4H dette året.
Nå nærmar det seg kalving for "Mjølka", og då er det gildt
å få klypt kviga før kalven kjem!
Endeleg!!
Endeleg er 7500 høner på plass i eit topp moderne "resort"
med alle facilitetar.
Her kan dei gå fritt omkring, bada seg i strø og gå inn i
eigne avlukke for å leggja egg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)